Oppdrag testfamilie

2016 er godt i gang. No starta jobben for DNT sine nyrekrutterte testfamiliar.

Korleis motivera born til å gå på fjelltur? Kva skal ein ha med seg på ein dagstur i skogen? Passar DNT sine turar, hytter og aktivitetar for ein heilt gjennomsnittleg familie? I fjor haust søkte DNT etter testfamiliar som ynskte seg eit år utanom det vanlege. Responsen var enorm. 



- Me fekk inn over 150 søknader frå familiar over heile landet. Små og store, med ulik samansetning, bakgrunn og turerfaring. Alle familiane har sine utfordringar og friluftsdraumar. I likheit med dei fleste har dei erfaring med å snubla i dørstokkmila. Me håpar me kan hjelpa dei litt på veg, og samtidig få ærlege og nyttige tilbakemeldingar, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

Frå to, til tre, til fire

Etter ein grundig prosess, vart 158 søknader skrelt ned til fem. Familiane som skal testa DNT sitt tilbod bur i Tromsø, Bergen, Kristiansand og Oslo. I løpet av året skal testfamiliane innom familiecampar, hytteturar og fellesturar i regi av DNT sine lokale medlemsforeiningar. Det aller fyrste oppdraget er Kom deg ut-dagen søndag 7. februar.  
Kjappe fakta om testfamiliane:
Pappa Eduardo, mamma Nina, Frida Loretta (8) og Anker Jerònimo (3)
Pappa Eduardo, mamma Nina, Frida Loretta (8) og Anker Jerònimo (3) Foto: Privat

Oslo

Familien Guzman Toft: 

Pappa Eduardo, mamma Nina, Frida Loretta (8), Anker Jerònimo (3).

Nina og Eduardo møttes då dei begge studerte i Skottland. Eduardo kjem frå Mexico By og har no budd i Norge i 10 år. Som speidar i heimlandet er han van til utflukter i parkane i storbyen. No vil han ta med resten av familien på alt det Norge har å by på, og få endå meir kunnskap om det å ferdast i fjellet. 

Kvifor vera testfamilie: 

I ein hektisk småbarnskvardag vert det liten tid til å vera ilag. Ofte er me så slitne at vi endar dagen framfor kvar vår skjerm. Det er ikkje slik me vil ha det. Me vil oppdaga naturen saman. 

Pappa Fredrik, mamma Ingrid, Leonard Mikal (5) og Sivert Johan (3)
Pappa Fredrik, mamma Ingrid, Leonard Mikal (5) og Sivert Johan (3) Foto: Privat

Tromsø

Familien Aunegård: 

Pappa Fredrik, mamma Ingrid, Leonard Mikal (5) og Sivert Johan (3)

- Dørstokkmila er den største utfordringa vår. Me er flinkare til spontanturar enn dei planlagte. Dessutan har me eit stort forbedringspotensiale på det å pakka lite og vil gjerne bli betre på det!

Kvifor vera testfamilie: Me likar å vera i naturen. Når me fyrst kjem oss ut kan me være ute i timevis. Å få testa og vera med på å visa fram tilboda til DNT er ei spanande og viktig oppgåve.

Pappa Trond Kristian, mamma Solveig, Sofia April (6) og Bjørk Leonora (3)
Pappa Trond Kristian, mamma Solveig, Sofia April (6) og Bjørk Leonora (3) Foto: Privat

Bergen

Familien Kalstø/Amundsen: 

Pappa Trond Kristian, mamma Solveig, Sofia April (6) og Bjørk Leonora (3)

- Me har kun vore på turar i nærområdet og er veldig klare for å utforska fylket me bur i - og resten av områda i Noreg. 

Kvifor vera testfamilie: Me vil, me vil, men me får det ikkje heilt til! Gong på gong har vi prøvd oss på turar, men me møter stadig vekk veggen. No  vil me gjera det om til: Me vil, me vil, og no får me det til! Me vil bli ein eventyrfamilie.

Pappa Øystein, Jesper (12) og Agnes (9)
Pappa Øystein, Jesper (12) og Agnes (9) Foto: Mari Valen Høihjelle

Oslo

Familien Bagle Tennebø: 

Pappa Øystein, Jesper (12) Agnes (9)

Øystein bur saman med borna annakvar veke. For far, son og dotter starta turlivet for alvor fyrst i fjor.

- Den største hindringa vår har vore giddaløyse. Tur har rett og slett ikkje vore prioritert. Vendepunktet kom på sommarferie hjå foreldra mine i Måløy i Nordfjord.

Kvifor vera testfamilie: For å skapa fleire tureventyr og gode minner saman. Dessuten vil prosjektet forplikta oss til å gjennomføra små og store mål. Me får det ekstra dyttet me treng for å utforske friluftslivet. 

Mamma Susann og Tara (6)
Mamma Susann og Tara (6) Foto: Privat

Kristiansand

Familien Widjegaard: 

Mamma Susann og Tara (6)

- Me ser fram til flotte naturopplevingar og det å bli kjent med andre på tur. Samtidig er me spente på å testa oss sjølve - kva klarer me, kva er våre begrensningar. 

Kvifor vera testfamilie: Det siste året har eg funne mykje ro i naturen. Ein familie på to er òg ein familie. Me er to livlige, positive, spreke jenter, som ynskjer å vera ambassadørar for det beste Norge har å by på

Skrevet av Mari Stephansen 3. februar 2016